780 musikk
January 11, 2007 at | In Media | 1 CommentMusikk i folkebiblioteket
Musikksamlinga i eit lite folkebibliotek er hovudsakeleg norsk musikk av og med norske utøvarar.
Den siste innspelinga vi la inn i samlinga vår er det Seljord kommune sin organist og kantor, Keith Griggs, som stend for. Det er soknerådet som har gjeve ut denne fine CDen med variert orgelmusikk. Griggs spelar musikk av Hovland, de Grigny, Bach, Reger og Rachmaninoff, men og folketonar og kjende tonar som ”Amazing Grace” og ”Deilig er jorden”. Innspelinga er gjort i Flatdal kyrkje. Kyrkja fekk eit nytt Venheim orgel for nokre få år sidan, og resultatet kling utroleg flott.
Vi har sjølvsagt og gode innspelingar av sentrale utøvarar og komponistar innanfor alle sjangrar.
For dei som ikkje veit det; Noter og instruksjons bøker finn du og i folkebiblioteket.
I tillegg til det vi kauper for eigne midlar, mottek vi musikk frå Kulturrådet.
Innkjøpsordninga for nye norske fonogrammer.
Kulturrådet sin nettstad har lister over litteratur og musikk som vi har mottatt i år.
Lokalhistorie
January 1, 2007 at | In Lokalhistorie, Vest-telemark | No CommentsBØKER, E-TEKSTAR, PEIKARAR, …
Biblioteka har mykje lokalhistorisk stoff på hyllene sine. Det kan vere gamle og nye bøker, både til utlån og til bruk på lesesal. I tillegg finns det referanseverk,årbøker,slektshistorie,artiklar,film,musikk og spesialsamlingar som bunadregistreringar, stadnamnarkiv o.l.
Vi ynskjer å gjere det lokale meir synleg og tilgjengeleg for brukarane. Det er naturleg at ein ser på Vest-Telemark som eit område. Derfor ynskjer vi å samle lenker og fulltekstdokumenter av lokalhistorisk interesse som ein felles ressurs for Vest-Telemarkbiblioteka.
SKULERESSURS ?
Ressursane kan ordnast på fleire vis; strukturen er ikkje bestemt enno.
Dei kan ordnast etter tema eller fag. Eller dei kan ordnast etter bruk eller brukargrupper.
Vi ynskjer å samle lenker og fulltekstdokumenter på våre sider slik at det kan bli ein ressurs både for skuleelevar og andre brukarar.
LOKALE EMNEORD
De finn ein blogg på denne nettstaden, her håpar vi brukarane kan medverke til å skape eit lokalt emneordregister. Dette kan vi etter kvartknytte opp til dei lokale emneorda vi set i våre bibliotekkatalogar. Vonaleg vil dette gjere det lettare å søke opp lokalhistorisk stoff fra biblioteka sine samlingar. Vi ynskjer kontakt med alle som har forslag på korleis desse kan formast ut.
Ver med å gje desse sidene innhald og gjere det til eit interessant hjelpemiddel. Kontakt oss gjerne gjennom denne bloggen.
Blog at WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.



