Du må ikkje like bøker, men ..

Det er no ein stor fordel. For mange av oss er det og det som gjer at vi er glade i arbeidet vårt.

Vest-Telemarkbiblioteka var som vanleg representert på Telemark vidaregåande skule si store yrkesmesse. Den blei arrangert for 24. gong og hadde større deltaking enn nokon gong. 73 utstillarar frå lokalt næringsliv, institusjonar og opplæringskanalar var kome til Dalen for å informere om yrkesval. Ungdom frå heile regionen var samla, og interessa var stor for mange av standane som til dømes politiet og forsvaret sine presentasjonar.
Vi som skulle marknadsføre folkebiblioteka, biliotekaryrket og utdanninga, fekk nok ikkje så stor merksemd. Når ein tenker på utviklinga for bibliotekarstudiet, og ikkje minst samlokaliseringa av studia – journalistikk, bibliotek og informasjonskunnskap, var det likevel overraskande liten interesse.

Her må nok marknadsføring til; men korleis?

Nye media – ikkje gamle staniol-band.

Sjølv ikkje vår presentasjon av tilbod ved folkebiblioteka synest å overtyde om at bibliotekyrket var noko å satse på.

Medier_bibliotek

No Comments Yet »

RSS-kjelde for kommentarar om dette innlegget. TilbakeSporings-URI

Kommenter innlegget

XHTML: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.