Media
FILMAR DU MÅ SJÅ; MUSIKK DU MÅ HØYRE …
Målsetjinga for biblioteket er å tilby kvalitetsfilm for alle aldersgrupper. Vi har nokre utvalskriterier som vi prøver å fylgje:
Flmatiseringar av kjende romanar.
Filmar som skildrar kjende personars liv og virke.
Som representerar ulike sjangrar, kulturar og kunstnarlege uttrykk.
Animasjonar, kortfilm, musikkvideo, dokumentarfilmar og fagvideo.
Vi prøver å ha blikk for “smalare” film og film frå norden. Har du synspunkt på desse kriteria høyrer vi gjerne frå deg.
Nokre av dei nyaste filmane:
”Grizzly Man”, ”Gegen der Wand”, “Barnet”, “Paradis nå”, “Zozo”, ”Det levende slottet” og ”Grave of the fireflies”. Den siste filmen er ein teiknefilm. Den blir likevel rekna for ein av dei beste krigsfilmane i verda. Vi har også dei to siste filmane til filmprodusenten Erlend E.Mo: “Kan man dø i himmelen” og “Inden for mine øjne”. Mo er busett i Kviteseid, men har produsert filmane i Danmark.
2 kommentarar »
RSS-kjelde for kommentarar om dette innlegget. TilbakeSporings-URI
Kommenter innlegget
Blogg på WordPress.com. | Theme: Pool by Borja Fernandez.
Entries and comments feeds.




Hei! Flotte sider du lagar!
Som du forstår prøvar eg å få til nokre sider eg også. Har ulike idear og tankar til sidene, men må innrømme at eg ikkje er nokon nettekspert. Leitar etter program og måtar å leggje det opp på, før eg marknadsfører det meir. Kunne tenkt meg å lære om korleis du lagar sider i WordPress. Har du tips? Fekk til noko, men så stoppa det heile opp.
Ha ein god dag!
Helsing Gudmund
Comment av telemarkfoto — januar 7, 2007 #
Tja, vi arbeider med saka. Vi held på med å flytte frå wordpress.com til NorBlogg.net som er eit subdomene der vi håpar å kunne køyre fullversjonen av WordPress med nynorske tekstar. Arbeidet med registrering og oppdatering o.l vil nok ta litt tid. Eg ser til mi store overrasking at designet har endra seg frå igår og tekstane har bytt plass. Denne teksten kjem i alle fallpå feil plass. Her må nok ny struktur til og. Det kjem, det kjem …
Kom gjerne med gode råd de som har erfaring frå WordPress blogg. Helsing AnBor
Comment av Kviteseid Folkebibliotek — januar 10, 2007 #